søndag 28. oktober 2012

Siste rest av sommer/haust

 Denne hausten har vi hatt utruleg flotte farger.
Snøen kom mens lauva fortsatt er på trea,
noko som er uvanleg for oss på vestlandet.
Som oftast har vi hatt nokre hauststormar før
snøen kjem, slik at alt er nakent og kaldt.

 Desse bilda tok eg for eit par dager sidan,
dette er nok siste rest av sommaren
Rosene har eg no tatt inn...
og stemoren gjorde seg like bra innomhus.


 Snart advent !! -- og i år er eg tidleg ute.
Har sydd desse to løparane, ein med 
hjerter og ein med stjerner, etter mønster
frå Miak Design Quilt.


..og som de ser, vi har fått snø!
-4 grader i natt og 10 cm snø, så nå er det ingen vei tilbake,
vinteren er her.

mandag 27. august 2012

Låvemesse 2012

 No nærmar det seg med sjumils-steg:
LÅVEMESSA 2012
Denne arrangerte vi for første gang i fjor,
og det vart en stor suksess med mange besøkande
og god handel.
Denne gangen har vi og laga NATRONKAKER
til salg i kafeen. Desse er kjempegode og  populære.
9 damer møtte opp en kveld og steikte ca 550 kaker!!
Titt på bloggen til Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
og sjå kor trivelig vi hadde det.

 I sommer har eg laga nokre løpere og anna knask. 
Har tenkt å tilby noko av det for salg på messa,
og så ser vi om det er av interesse.
Fargane er ikkje heilt korrekte på desse bilda,
da dei er tatt i sterkt solskinn!
Oi, endeleg en dag med sol.......
Det har det ikkje vore for mange av denne sommaren.....
Iallefall - velkommen til LÅVEMESSE :-))))
 












onsdag 20. juni 2012

Sminkepung

 Her er et utvalg sminkepunger
som eg har sydd etter AnnAK sitt mønster.
Har også gitt bort noen i bursdagsgave
til veninner.
 Skal sjå om eg får lagd noen flere til
salg på låvemessa vår i september.





lørdag 16. juni 2012

Quiltens Dag

I dag 16. juni er  QUILTENS DAG.

 Det fins jo dagar for det meste, det er no litt stas
at vi quiltere har fått vår dag og.
Meininga er at vi skal ut i det åpne rom og vise
håndarbeidet vårt offentlig.
I år har ikkje klubben noko offisielt program,
men vi har tidligere hatt utstilling i Eidsgata på Nordfjordeid.
I dag er der musikkstemne på Nordfjordeid,
gata og bygda er full av unge korpsmusikanter.
Eg har tatt utfordringa frå min gode nabo
og sett meg ut med "quilten" min, som for tida er 
bl.a. toalettmapper etter mønster fra AnnaKa.

 Har også begynt å sy sammen 2" remsene som eg 
tidlegere har kutta opp frå restekorga.
Syr sammen 2 remser uten å bry meg om farger,
 kutter dei i 6,5" og 2", 
deretter syr eg dei til et kvadrat på 6,5" x 6,5".
I teorien skal dette bli et reste-teppe til slutt.
Forsettelse følger.......

 


mandag 11. juni 2012

Blåtur med quilteklubben





 Så har vi hatt den årlege blåturen med Quiltelaget.
Denne gangen gjekk turen til Doktorgården i Selje.
Dette er cafe, galleri og overnattingssted,
samt salg av kunstprodukt og bøker fra Selja forlag.
 Den store overraskinga denne gangen var at vi hadde fått
ATI til å fortelle og vise oss arbeida hennar.
Ho hadde laga til ei eiga utstilling i galleriet og
viste fram arbeid frå tidligere og fram til idag.
Hennar varemerke er vel etterkvart blitt Crazy Quilter,
med bruk av sjølvlaga blonder, broderi, roser av silkeband,
knapper og perler.
Nyt bildene under, og tusen takk til ATI for 
at vi (37 damer fra NLQ) fekk sjå alle desse flotte quiltane.

Der ligg fleire bilder i desse bloggene
 ATI






Her er også bilde fra romma i Doktorgarden.
Desse romma er til utleige,
morsomme fargevalg.

søndag 3. juni 2012

NQT i Aalborg 2012


 Nordisk Quiltetreff i Aalborg var inspirerande og kjekt.
Flott utstilling, mange fine butikker og en flott by.
Alt var liksom "perfekt", og det var nok fordi
 reisefølget var perfekt også:-)
Også møtte vi igjen Siv og Kate frå Nord-Norge,
kjempekjekt å møte igjen gamle venner.


 Dette var utstilt på en butikk i by`n,
Synest dette var kult.

       










Fredag gjekk eg på kurs med Hanne
Kurset gjekk ut på å frihåndsquilte med ulike måter
og sette sammen mange mønster, deretter 
kan en lage dette hjertet f.eks.