mandag 7. april 2014

Regiontreff

 Så har vi gjennomført Quiltetreffet for denne gang
og det gjekk strålande.
Det blei ei flott utstilling, mange gjester og 6 butikker
som vi kunne boltre oss i.

 Her har vi dekka til nesten 140 middagsgjester-
joda påmeldingane strøymde på så vi kom opp i 137 til slutt.
Men Operahuset på Nordfjordeid er stort så det er ingen problemer med plass.
Vi fekk servert rømmegrøt, spekemat og alt tilbehør.
Etterpå ca 50 heimelaga festkaker.

 Her er iallefall nokre bilder frå utstillinga,
eg veit ikkje kven som er eigar av alle teppene,
men alle kunne ta bilder.

Alt dette er gevinster på bok-lotteriet vårt.
Som de ser hadde vi denne gangen også eit Dear Jane veggteppe.
Dette vart sydd for eit par år sidan, 
da medlemmane i klubben hadde som prosjekt å sy blokker.
Men desverre, eg vann ingenting.
-
Så, neste prosjekt i klubben er Låvemesse i Leivdalen
første helga i september. Her er det bare å brette opp ermane:-)

torsdag 27. mars 2014

Stjerner til klubben


Vi har fått ei utfordring frå klubben om å sy 
stjerner i svart/kvitt.
Kva desse skal brukes til kjem fram etterkvart:-)
Vi er så godt igang med å arrangere
quiltetreff i vår, så tipset er vel eit eller anna slags
 treff til neste år også.

Status for Quiltetreffet på Nordfjordeid er no 
over 120 påmelde ivrige sydamer og 6 butikker.

tirsdag 18. mars 2014

HIPP HURRA

over 100 påmeldte til 
QUILTETREFF I OPERAHUSET NORDFJORD
den 6.april 2014

Vi var spente når vi sende ut påmeldingar
til quiltetreffet om der var interesse for eit slikt
arrangement.
Gjett om vi er fornøgde; over 100 ivrige quiltere
har meldt seg på.
Vi skal ha eit spennande foredrag med Kari Rindal Eide
frå Gloppen Lappeklubb.
6 butikker vil tilby alt vi treng av stoff og tilbehør,
der blir ei flott utstilling,
middag, kaker, kaffe og lotteri med skikkelig basarstemninng.
Vi gler oss:-)


Har du gløymt å melde deg på,
legg inn ein kommentar så ordner vi det meste:-)

mandag 10. mars 2014

Quiltetreff i Operahuset Nordfjord

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb skal arrangere 
QUILTETREFF 
i OPERAHUSET NORDFJORD DEN 6.april 2014.

Det blir flott utstilling av quiltearbeid,
foredrag med Kari Rindal Eide frå Sandane,
middag, kaker, kaffi, lotteri og åresalg.

Det er nokre år sidan det sist vart arrangert 
Quiltetreff i Sogn og Fjordane, så vi håper
det er mange som tek turen i år.

HER kjem du til Operahuset og innbydelsen
 
 
VELKOMMEN

torsdag 27. februar 2014

Hjerteteppe



Da var hjerteteppet i Buggy Barn teknikken ferdig.
Eg har quilta 2 sømmer rundt alle hjerter +
"in the ditch" både på tvers og langs.
Synes teppet blei fint:-))

lørdag 22. februar 2014

Løpere



Vi var 23 stk på kveldskurs i NLQ.
Marie Myklebust frå Breim var som vanleg
dyktig kurshalder, og denne kvelden var det
festremse/løper som var temaet.
Produksjonen hittil er 3 stk.
Det blir nok fleire for den nederste er alt gitt bort.



fredag 10. januar 2014

Dobbelt sengeteppe


Dette doble sengeteppet er sydd av rester...
Kvadraten i midten er 6" og remsene rundt er 2".
Eg har sydd blokker med 2 omganger remser rundt kvadratet.
Blokkene blei sydd uten å tenke farger,
eg har bare brukt dei restene som var for hand.
Når eg sydde blokkene i hop var der faktisk ingen som var like,
det var rein og skjer flaks:-)
Teppet har eg quilta med symaskina mi,
og ved hjelp av et quiltestativ lånt hos

....og joda, eg har fortsatt fleire oppskjærte remser
klar til fleire restetepper:-)
Her er også bilde frå NLQ-bloggen

søndag 29. desember 2013

Nokre strikkegåver

Desse vottane med mønster av pus Pernille
og dei med åttebladroser, kjøpte eg i sommer på Lom.
 Der er ein butikk ved Stavkyrkja som sel
alle sorter heimelaga artikler.
Desse  var bl.a. gåve til datter og svigersønn.

Etter oppfordring legg eg inn bilde av mine votter.
Desse fekk eg i gave frå ein kollega for nokre år sidan.
Dei blir brukte bare til spesielle anledninger.
Vottene er strikka i alpakkaull og på tynne pinner.
Her er det lagt ned mykje arbeid.



Dukkeklea strikka eg før jul.
Desse var julegåve til eit tidlegare bonusbarnebarn
som vi fortsatt har god kontakt med....
...og mammaen fekk etter ønske 2 par lester:-)

fredag 29. november 2013

X-block linjal


Alle desse løperene og veggteppet er laga med
X-block linjalen.

Eg gjekk eit kurs med Siv på Lappestua, Nordfjordeid,
og vart inspirert til å bruke denne linjalen.
Den kan virkelig anbefalast, for der er utallige muligheter
og mønster til å sy mykje spennande.





 Eg har 7,5" linjalen.
Denne går det fort å sy med, men ein må tenke litt
når blokkene skal syast før skjering.

Dette veggteppet skal henge på soverommet vårt.
Fargene vart litt dårlege på bildet, men
det er laga med duse rosa, grønne, blå og gråfarger.


 .....og så har vi linselusa pus Pernille, som kjem med ein gong 
eg legg noko ned på gulvet for å ta bilde, klippe eller sette i nåler.

onsdag 6. november 2013

Nytt resteteppe

 I går kveld var der møte i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb.
Etter å ha vist fram resteteppet mitt, 
fekk eg spørsmål om korleis det var sydd, 
og om eg kunne vise arbeidsbeskrivelse på bloggen.
Her er arbeidsbeskrivelse;
Begynn med ein bunke restestoff etter smak og behag.
Eg har kutta striper i 2,5", sy desse sammen.
Ha gjerne ei stripe med sterk farge i kvart stripesett.
Eg har  brukt inch fot på symaskina.
 I mitt teppe har eg sydd sammen 4 striper.
Her kan ein sy sammen fleire striper, alt etter kor
stor blokk ein vil ha til slutt.
 Mine striper vart  8,25 inch i bredde.
Kutt opp kvadrat, så mange du får ut av stripesettet.

 Legg to og to over kvarandre, rette mot rette og
kvar sin veg.
 Sy sammen i alle fire sider, som ein firkant.
 Ferdig sydd kvadrat.
 Legg linjalen frå hjørne til hjørne og skjær tvert over.



 Åpn opp og ein  har fått 4 nye blokker.
Stryk og skjær dei reine, slik at alle har samme størrelse.

 Så kan ein bare begynne å leike seg...
 ...og prøve å legge blokkene
 i forskjellige former
 alt etter kva ein liker.
Ei sammmensydd blokk blir ca 10-10,5 inch.
 I mitt teppe valgte eg denne forma på blokkene.

 Der ligg ein video på You Tube som
forklarer framgangsmåten. Du finn den her.
På videoen er der brukt Jelly Roll, men det går fint 
å bruke rester og gjerne gamle stoff som har lagt ei stund.









søndag 3. november 2013

Nytt klestativ


Min kjære mann har snekret nytt klestativ til oss.
Er det ikkje flott vel?