mandag 28. juli 2008

Fantastisk helg



Vi har hatt ei fantastisk helg på hytta.
Strålande sol, oppunder 30 C varme som
er sjeldan på kysten-


-og bading når det nærmar seg midnatt.


Dette var utsikta mi frå hytta måndags morgen.
En polsk fullriggar Dar Mlodziezy som deltar
www.tallshipsrace.no ,
låg i ro rett utafor stoveglaset mitt.
Vakkert:-)))

onsdag 23. juli 2008

Laurdag 19.juli






Den 19. juli hadde eg rund bursdag.
Denne feira eg saman med familien og
dei næraste vennane våre.
Eg hadde invitert til at vi skulle gå tur
til Skongsnes Fyr om dagen, og grille ved
hytta om kvelden. Planane måtte endrast då
vermeldinga på torsdag sa store nedbørsmengder!
Det vart likevel fint ver denne dagen, men turen over
fjellet til fyret håper eg vi kan gå ein annan gong.
For meg vart dagen fin og minnerik.

Eg ønskte meg nytt fotoapparat, og tanken
er å gå kurs til hausten og lære å ta bilder
skikkeleg.

fredag 11. juli 2008

Kåpe til prinsessa vår



Denne kåpa har eg strikka til barnebarnet.
Det har tatt litt tid, for senebetennelsen i armen
har vore lei denne gangen.
Heldigvis var kåpa godt stor, slik at ho kan
bruke den til hausten.
Mønsteret fikk eg frå Blåbertua
Igjen tusen takk.

fredag 13. juni 2008

Vognteppe til Joakim


Dette vognteppet er til Joakim, fødd
for nesten 2 mnd sidan.
Det vart sterkt i fargane, men
mor likte det så da er alt ok:-)

torsdag 5. juni 2008

Klassefest




I helga var den gamle klassa mi frå barneskulen,
samla til klassefest og jubileumsfeiring.
Alle har rund bursdag i år:-)
Vi møtast kvart femte år og har
ein trivelig dag saman.
I år møtte 21 av 28 mulige.
Vi starta med lunch ved hytta mi,
og deretter fotballkamp på sanden.


Eit bad vart det og når eine duskedama
stakk av med ballen!
(Duskedamer må vere med på fotballkamp,
sidan vi har klassekamerat som bur "over there")

Festmiddag om kvelden var i leigde lokale,
og vi hadde det trivelig langt ut i dei små timer


Frukost på hytta søndag morgen,
like strålande blide som kvelden før:-))
Eg helsar til alle og takker for ein fin dag:-))

søndag 25. mai 2008

Båtfestivalen på Nordfjordeid




I år vart Båtfestivalen på Nordfjordeid
gjennomført i strålande solskinn.
Vi har vore med på denne festivalen i
mange år, men det har alltid regna og sjølvsagt,
kaldt og surt. I år var det nydeleg ver og flott " å leggja utpå."
To øverste bileta er av damelaget til Stårheim Rolag,
karane stiller alltid i kvit skjorte og vest.
Og jo da, det vart seier i år og:-))




torsdag 15. mai 2008

Gran Canaria





Ja ha, så lot eg hyttebygging vere hyttebygging
og reiste til Tauro-dalen på Gran Canaria.
I 12 dagar no har eg kosa meg med barnebarnet,
dotter og "svigerson", samt mor til svigersonen.
Bileta er frå Amadores-stranda, ein sjarmerande
by som heiter Mogan og korleis rundkøyringane
ser ut på Gran Canaria.
Temperaturen låg på nydelige 27-30 C,herleg
å spise frukost på terrassen når målaren viser nesten 24 C.



torsdag 1. mai 2008

Havblikk


I dag har vi hatt ein flott tur til
Skongsnes Fyr.
I bakgrunnen ser vi Stadt med Vestkapp-platået,
det er sjeldan at havet er så stille som det var idag.

Overalt blomstrar kusymra, dessverre fekk eg
ikkje fram riktig farge på dette biletet.


Ellers held vi på med innspurten på hytta
så eg er litt fråverande på bloggen for tida,
men eg lover å komme sterkare tilbake.

søndag 20. april 2008

Våren i Paris


Eiffeltårnet var eit fantastisk syn om kvelden
når det var fullt opplyst og lysene blinka over
heile tårnet.














Vi har hatt nokre fine dagar i Paris. Der blomstra
tulipanane, pelargoniaen og flotte store
japansk kirsebærtre.
Alt dette er slikt som vi kan begynne å sjå
etter når vi har passert 17. mai.


Dette mosaikk-bildet hang i Notre Dame.
Kan også lagast som eit lappeteppe:-))


tirsdag 8. april 2008

Tur til Paris


Så reiser vi til Paris.
Fly frå Ålesund onsdag og retur måndag.
Vi gler oss:-)))

tirsdag 1. april 2008

Regiontreff




I helga arrangerte vi i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
regionstreff for Sogn og Fjordane.

This weekend our club Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
arranged the yearly Region Quilt Gathering in
our county Sogn og Fjordane.




Vi var så heldige å få Hanne
som foredragshaldar. Ho er ei trivelig dame og
heldt eit inspirerande og engasjert foredrag om Dear Jane.

Lucky us, Hanne take the trip to the west -coast
of Norway and give us an inspiring lecture
in The Dear Jane Quilt.

This is Hanne `s Dear Jane quilt.
Wonderful:-)))


And the owner of this lovely quilt is one
of our members from Svelgen.





Vi heldt treffet i gymsalen på barneskulen i bygda vår,
og det var vel 100 påmeldt til foredrag og middag.

Etterpå var det åpent for publikum, og gjett om det
strøymde på med folk! Vi var ganske overvelda over
at så mange kom for å sjå utstillinga vår.
Der var og fleire quiltebutikkar, og sjølvsagt hadde
vi lotteri med blant anna to små og eit stort Dear Jane
teppe som gevinstar.

The gathering was in the local school-building and
the walls were covered with hundreds of lovely small
and bigger quilts.
We also have several shops from the county.
It was marvelous to discover that so many was
interest in seeing our exhibition:-))

Fleire bilder kan de sjå på klubben sin blogg: nlq2007.blogspot.com

torsdag 27. mars 2008

Påska 2008


Her er nokre stemningsbilder frå mi påske.
Den vart brukt til å jobbe på hytta, med god
hjelp frå bror og svigerinne.

onsdag 19. mars 2008


Riktig GOD PÅSKE til alle som titter
innom bloggen min:-)))

fredag 14. mars 2008

Tusen takk




Denne flotte boka Beyond the Basics av Kathy Delaney,
fikk eg frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb,
når eg gjekk av som leiar.
Tusen takk til alle medlemmane for ei kjempefin gåve:-))))

tirsdag 11. mars 2008

Kurs i bretteteknikk



Denne helga har vi hatt kurs i Bretteteknikk
med Signe Haugen frå KJELLARSTUA

Det var eit flott og lærerikt kurs med ein svært
dyktig kursleiar.
Forutan å ha med mange modellar, hadde ho også
med sjølvfarga stoff, tråd, tyll og garn til filting.
Vi i klubben har bedt om å få henne tilbake
til eit fargekurs, for dette gav meirsmak.
Desse bileta er eit utdrag av hennar tepper,
morsomme og inspirerande arbeid.
Eg er ikkje ferdig med mitt enda, men det kjem, det kjem..

Årsmøtet i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb var lagt til
sjølvaste kvinnedagen, deretter
kurs både laurdag og søndag. Så
møte i regiontreff-komiteen søndag kveld.
Gjett om det var "mandag morgen blues" her i gården.

Eg har også sagt frå meg leiarvervet i klubben,
den nye leiaren er no Inger Lise Strand.
Eg veit at ho kjem til å gjere ein god jobb, og
eg ønskjer henne lykke til med oppgåva:-)