mandag 15. april 2013

Trådsnellestativ


Sjå for eit flott trådsnellestativ eg har fått:-))))
Ein av mine kjære brødre, Asbjørn har laga dette
trådsnellestativet med plass til 120 trådsneller.
Fru Ingebjørg fekk eit først og då måtte eg 
være rask og seie at sånn vil eg og ha.........:-)
Trudde ikkje at eg hadde 120 trådsneller, 
men det hadde eg visst og fleire til...

TUSEN, TUSEN TAKK TIL ASBJØRN:-)))


lørdag 13. april 2013

Blått teppe


Dette teppet skal henge på hytta.
Har sydd det etter mønster i ei bok av
Pam & Nicky Lintott "Jelly Roll Sampler Quilts"
Boka har eg kjøpt frå Amerika gjennom Amazon,
det går kjapt å få bøker derfra og til en rimelig pris.
 

mandag 1. april 2013

Påskeløpere ll



Desse løperane vart sydde etter at eg rydda syrommet og 
diverse gamle stoff dukka opp.
Det vart to enkle løpere til bruk på hytta.
 Denne løperen er sydd etter kurs med 

Vi lagde motiv av gamle noter, servietter,
 avis-sider, blad osv....
Deretter kopierte vi det over på "t-skjorte ark",
med ein blekk-printer.
Morsomt å lære, og synes dette vart en fin 
påske/vår løper.



mandag 18. mars 2013

Påskeløpere

 Har sydd 2 påskeløpere til min datter og
familien på Giske.
Den nederste er etter et mønster av AnnaKa fra 2009.
 

mandag 11. mars 2013

Skopose


Eg hadde sykveld sammen med to veninner forrige kvelden.
Da sydde vi sko-pose.
Det vart en kjempekjekk kveld,
og vi sydde ferdige 3 lekre skoposer.
I siste Norsk Quilteblad står mønstra for skoposen.
Der er den sydd med Marimekkostoff, 
men vi brukte vanleg bomullstoff
+ et dongeriskjørt som hadde krympa i kleskapet:-)
Sjå på dei lekre skoa vi applikerte på,
tenk om vi kunne hatt desse tilgjengelig på skohylla........

mandag 28. januar 2013

Blomster i snø



Denne mønstra heiter snøball, men for meg
så vart dette blomster i snø.
Når eg ser dette teppet tenker eg på dei 
første Primulaene som eg alltid pleier å kjøpe når
juletreet er kasta ut.
Da er det kjekt med mange Primula i alle farger
som ber bud om vår i år og, sjølv om det er 
kjempekaldt og barrfrost.



søndag 13. januar 2013

Resteteppe

Resteteppe av  "man tager det man haver"
 Fleece-teppe på baksida, og pus Pernille
må sjølvsagt prøvesitte.

onsdag 9. januar 2013

Småting

 
Desse sydde eg til jul, dei er vrangsydde så det
var igrunnen ganske enkelt.

Også en enkel løper, men den vart igrunnen ganske fin:-)

søndag 16. desember 2012

Besøk av barnebarna

 Denne helga har vi hatt besøk av barnebarna.
Vi har både baka og laga reinsdyrbukk.

Blid kar i full gang med å male kakemenn.

torsdag 6. desember 2012

Juleavslutning i quilteklubben


 Tirsdag hadde vi juleavslutning i Quilteklubben
Eg var blant dei som hadde ansvaret for maten.
Denne gangen hadde vi flott marsipankake,
nydeleg kringle, flotte smørbrød og pasta/kyllingsalat.
........ og damene likte maten:-)))


Marsinpankake frå Eid Minibakeri

Nydeleg kringle frå Reidun
Og dette var oppgava vår denne kvelden.
Eit lite stichery i redwork.

tirsdag 4. desember 2012

Genser til Elise Marie


Da var "Pippi"-genseren til barnebarnet
Elise Marie ferdig.
Synes denne var litt "knas", så nå får eg håpe
julegåva passer.

søndag 25. november 2012

Kurshelg med Ingun

I helga har NLQ arrangert kurs i bruk av LINJALER.
Tusen takk til kurslærer Ingun på Primula 
for kjempekjekt kurs.

Mønsteret på bildet over er Twister. Det er skåret ut med 
den minste "twister" linjalen.
Eg har ikkje sydd det sammen enda,
det var altfor spennande å prøve diverse linjaler.



 Teppet ovanfor er heller ikkje ferdig sammensydd.
Det er brukt 60 graders linjal, og stoffene fekk eg 
med sønnen min da han studerte i Fargo, Nord Dakota.
Eg har lurt lenge på kva eg skulle laga av desse to pakkane
med så mange forskjellige stoffbiter, og dette mønsteret 
passet bra, det ble eit "Amerika-brev" der innholdet
er "litt av alt"

 Dette er "Twister" teppet til Torunn,
det blei kjempefint.

Og dette rosa hjertet er Ingebjørg sitt.
Sydd med "storm at sea" linjal.
Det er litt vankelig å sjå av bildet, men der er
eit lys rosa hjerte eine vegen,
og eit mørkare hjerte andre vegen.



 Storm at sea i andre variasjoner:
ovanfor tilhører Aud  og det
under har Solfrid sydd.

 Elna sitt Twister teppe vart berre lekkert.


onsdag 21. november 2012

Løper til Bygdekvinnebasar


Har sydd ein bordløper til Bygdekvinnene
sin basar den 2. desember.
Det er blitt en tradisjon at Bygdekvinnene arrangerer
Julegrantenning og basar første advent.
Så også i år, 2. desember kl 15.00 tenner vi julelysene i treet.
Etterpå er det korpsmusikk og barnekor i ungdomshuset.
Her er bilder frå Stårheimsbygda.no

tirsdag 6. november 2012

Resteteppe

Har sydd ferdig toppen til eit sengeteppe.
Det er sydd  av 2,5" reste-striper, og heilt uten å tenke
på kva som passa saman.
Resultatet vart forbausande bra!
Det vart og mykje større enn kva eg tenkte i utgangspunktet. 
No måler det 1,95 x 2,25 m og er
rikelig stort til ei dobbelseng.
Quiltinga skal eg ta seinare, har tenkt å leige
quiltestativet til Ingun på  Primula Design.

søndag 28. oktober 2012

Siste rest av sommer/haust

 Denne hausten har vi hatt utruleg flotte farger.
Snøen kom mens lauva fortsatt er på trea,
noko som er uvanleg for oss på vestlandet.
Som oftast har vi hatt nokre hauststormar før
snøen kjem, slik at alt er nakent og kaldt.

 Desse bilda tok eg for eit par dager sidan,
dette er nok siste rest av sommaren
Rosene har eg no tatt inn...
og stemoren gjorde seg like bra innomhus.


 Snart advent !! -- og i år er eg tidleg ute.
Har sydd desse to løparane, ein med 
hjerter og ein med stjerner, etter mønster
frå Miak Design Quilt.


..og som de ser, vi har fått snø!
-4 grader i natt og 10 cm snø, så nå er det ingen vei tilbake,
vinteren er her.