torsdag 30. oktober 2014

Disappearing Hourglass Quilt

 I klubben vår NLQ har vi stjerner som tema
no fram mot Vestlandstreff-Quiltefestivalen på Vestlandet
som vi skal vere verter for i oktober 2015.
På neste klubbmøte skal eg vise korleis vi
syr Disappearing Hourglass Quilt etter modell
Eg har sydd nokre modeller som eg håper kan vere 
til inspirasjon.
 På denne løperen er ikkje midtruta snudd,
dermed får ein ei anna stjerne.
Begge modellane skal eg forklare på tysdag,
håper mange tek med symaskin på klubbmøtet.

tirsdag 28. oktober 2014

Oppdatering siste 3 veker

 Det er lenge sidan eg har hatt innlegg på bloggen,
så det er på høg tid eg "tar meg sjølv i nakkjen" 
og forteller litt om meg og mitt.
10-12. oktober arrangerte Florø Husflidlag si Quiltegruppe
 Vestlandstreff for 2014.
Det var eit kjekt treff med mange kurs, flott utstilling,
butikker og god mat.
Eg gjekk på kurs i fargelære med Mrs.Moen laurdagen.
Det var lærerikt, og eg kjem heilt sikkert til å bruke
fargeskalaen ved seinare sy-prosjekt.


 Søndag gjekk eg på kurs med AnnaKa.
Dette var eit kurs i handsaum -Needleturn.
Kurset var bare på tre timer så det var bare det 
grunnleggande vi fekk tid til.
Veska under er AnnaKa si, og denne er sydd i Needleturn.

 Eg har då begynt å sy ny bunadsskjorte til dotter mi.
Skjorta blir sydd på 18 tråder lin og mønsterteknikken
er "krunekret" + hullsaum ++
Er begynt å innsjå at eg har tatt på meg alt for mykje 
denne hausten, så etter jul blir eg nødd til 
å prioritere strengare.

 Så hadde vi besøk av Arne & Carlos i bygda vår.
Dei holdt eit trivelig og humoristisk foredrag, 
samt selde bøkene sine.
På forssamlingshuset vårt var det "stinn brakke"
med strikkeglade damer og nokre få menn.


 Eg spurde om å få ta eit bilde av karane, og
då var det med ein gong "jamen du må no vere med og"
så defor er eg foreviga saman med Arne & Carlos.

 Sist søndag var eg på kurs med Bente Malm
i regi av klubben vår.
 Kurset var å lære å bruke Tri Recs-linjalen,
så eg sydde denne stjerna + skar ut til ein løper.

Dette var litt oppdatering frå siste 3 veker.
Lover å komme tilbake om ikkje så lenge:-)

onsdag 18. juni 2014

Rotur i Jølster

Vi var 18 stk frå Stårheim Rolag som 
hadde ein kjempeflott tur til Jølster i helga.
Sjå det flotte veiret vi hadde på laurdag,
sol og blikkstill Kjøsnesfjord og Jølstravatn.
Snakk om nasjonalromantikk.....


torsdag 5. juni 2014

Tur til Island


Da har eg vore på sagaøya Island.
Island var ei oppleving, men det første eg må dele er bilder
frå VIRKA - Nord-Europas største stoffbutikk.
Butikken var eit eventyr, og der fekk Synnøve og eg 
 2 timer heilt for oss sjølv.
 Bildet ovanfor er frå inngangspartiet i butikken.
Å møte noko slikt når ein kjem inn døra lovar godt for resten.

 
 
 Her er Synnøve framfor ei av utstillingsgruppene
rett inn for døra.
 Da har vi kasta jakka og er klar for inntrykk,
opplevingar og ein god handel.
 Nyt bildene som følgjer, legg merke til alle detaljane
og kor gjennomført alle utstillingane var.


 Til og med lampeskjermen er quilta.








 Her mangla ikkje på knapper, ein heil vegg....
Prøv å tell kor mange knapperør der er bare i ei hylle...

Alle teppa og ALT quiltearbeid i butikken
var sydd av innehaversken på bildet under,
gjett om vi var imponerte...........

 Tusen takk for at vi fekk lov å gå rundt i butikken,
ta bilder og bare nyte våre 2 tilmålte timer. 

Vi måtte jo ta ein "selfie"- sjå kor fornøgde vi er....
og joda det blei ein liten handel også:-)))

søndag 18. mai 2014

17.mai 2014

 Vi har hatt ein strålande 17.mai på Møre-kysten
sammen med barnebarna.
Dagen starta tidlig frå Nordfjord,
litt kald vind med det samme vi kom til Giske og
skulle begynne å gå i tog, men det gav seg
fort, så dagen vart nydeleg.
Her er barnebarna i finstasen og
klar til å gå.
 Smil og godt humør sjølv om ein "tryner" litt 
med hoppesekken.

 Barneleikar på 17. mai høyrer med,
også å sykle i hinderløype.
Og så var premien godteri.

Her er frøkena prega av stundens alvor,
ho skal synge solo på folkefesten framfor heile bygda.
Trur mormor var meir nervøs enn jenta,
for eg har ikkje sett ho opptre så mange ganger.
Ho sang nydelig og var virkelig flink.

mandag 5. mai 2014

Vårblomster

 Vi hadde ein fantastisk april månad, så våren
kom raskare enn vanleg her på Vestlandet.
Eg har vært i hagen og tatt nokre bilder.


 Desse kusymrene var på vegen til Skongsnes Fyr,
Bildet er tatt 1.mai.



 Vi får håpe der også blir plommer på treet.
Blomstringa var nydeleg i år.



Håper eg fekk fram litt av skjønnheta i desse blomstrane:-)

onsdag 23. april 2014

Påska 2014

 Vi har hatt ei draumepåske.
Når skjærtorsdag var over kom sola.
Denne duken har eg sydd ved hjelp av X-block
linjalen. Duken passer fint til frokostbordet på hytta.

 Påskedagane brukte vi til å gå fjellturar.
Her er utsikt frå Børahornet mellom 
Raudeberg og Vedvik, med utsikt over Refviksanden.
 Bildet nederst viser Stadthavet, Stadthalvøya oppe til høgre.
Flotte farger og heilt flatt hav.

mandag 7. april 2014

Regiontreff

 Så har vi gjennomført Quiltetreffet for denne gang
og det gjekk strålande.
Det blei ei flott utstilling, mange gjester og 6 butikker
som vi kunne boltre oss i.

 Her har vi dekka til nesten 140 middagsgjester-
joda påmeldingane strøymde på så vi kom opp i 137 til slutt.
Men Operahuset på Nordfjordeid er stort så det er ingen problemer med plass.
Vi fekk servert rømmegrøt, spekemat og alt tilbehør.
Etterpå ca 50 heimelaga festkaker.

 Her er iallefall nokre bilder frå utstillinga,
eg veit ikkje kven som er eigar av alle teppene,
men alle kunne ta bilder.

Alt dette er gevinster på bok-lotteriet vårt.
Som de ser hadde vi denne gangen også eit Dear Jane veggteppe.
Dette vart sydd for eit par år sidan, 
da medlemmane i klubben hadde som prosjekt å sy blokker.
Men desverre, eg vann ingenting.
-
Så, neste prosjekt i klubben er Låvemesse i Leivdalen
første helga i september. Her er det bare å brette opp ermane:-)