lørdag 13. desember 2008

Julestrømpe og andre småting



På siste bygdekvinnemøte lærte vi filting.
Dette var jo kjempeenkelt og morsomt.
Opp i ei pepperkakeform la vi ull som vi stakk
nedi med ei filte nål. Under hadde vi ein svamp, slik
at vi ikkje skulle stikke ned i bordet.
På denne måten vart ulla tova ihop og vi kunne ta bort
forma og løyse hjertet frå svampen, så var det klart.
Eg har sydd på litt perler og figurer, for alle
desse småtinga skal/er sendt til ei lita
tulle på Mørekysten.


Ingen kommentarer: