torsdag 2. juli 2009

Rotur i Austerled


Den årlege roturen gjekk i år
innover Nordfjorden.
Vi er ein god gjeng som bruker båt og fjord til sosialt samhald.
Båten er ein femkjeiping, dvs at 10 ror + ein styrmann.
Første kvelden overnatta vi i telt og lavvo ved Øksenelvane
kraftstasjon. Ikkje alle kan ro så nokon frakter bagasje og utstyr
i motorbåt. Der er ein god del av det slaget når 17 stk
skal på tur med soveposer, telt, mat og klær.



Snakk om å vere heldig med veret når denne turen var
planlagt for eit halvt år sidan.


Flate marker og høge fjell. Mellom der går fjorden.
Eit underleg landskap.
Løypestrengen stod klar til å sende varene oppover
fjellsida til gardane høgt der oppe.
Dette er på sørsida av Nordfjorden på veg innover
til Gloppen.
Der ligg fleire små gardsbruk av det slaget "der
ingen kunne tru at nokon kunne bu"


Turen endte på Rygg i Gloppen og eg kan underskrive
på at Nordfjorden er laaaang når ein tek årane fatt,
sjølv om eg på denne turen var styrmann.


Kveldsstemning ved Gloppenfjorden.


På retur søndag morgen. Denne gang med motor.
Like flott den dagen også.


Tilbake igjen ved havet og solnedgang kl 23.10
Kan det bli bedre?

2 kommentarer:

Elin sa...

Ei lita helsing frå meg frå Lørenskog før eg set nasen heimover snart. Tusen takk for det veldig hyggelege treffet ved Knutebua! Nydelege bilete frå fjorden har du lagt inn her. Ha ein framleis flott sommar!

Alettesiriane sa...

Bedre kan det ikkje bli!Så flott de har det.