torsdag 27. august 2009

Høvringen

I helga var eg på Høvringen saman med
barndomsveninner.
Vi hadde ei fantastisk lang-helg med nydeleg ver
og laaange fjellturer.
Her er nokre av oss som gjekk lørdag, først over fjellet til
Putten Seter og derfra til Formokampen nesten 1500m høgt.
Flott tur på vel 6 timer.
Vi var litt for tidlig på året til at haustfargane var komt i fjellet,
no var der eit teppe av nydeleg kvit reinlav.





Utsikt frå Vardehøj og mot Høvringen.

Litt uklart bilde, men fuglemor har funne seg flott reirplass.



Fredag gjekk vi til Peer Gynt hytta.
Der er mange små hytter som er laga kun av
skiferstein frå området.
Den dagen vi var der var hytta stengt, men i helgane
blir der servert rømmevafler.


Peer Gynt hytta.

2 kommentarer:

Elin sa...

Ser ut til å ha vore ein flott tur! Her er det rekonvalesens etter operasjon, eg tek det knusande med ro!

Alettesiriane sa...

Dette ser så flott ut ,fin tur var det ser eg!