mandag 29. mars 2010

Tovekurs


I bygdekvinnelaget har vi hatt kurs for å lære
å tove ull. Vi skulle lage kvart vårt sitte-underlag.
Slik vart mitt, litt rufset i kantane, men pus
Pernille forstod iallefall kva det skulle brukast til.



Og alle vart heilt forskjellige...


Dette er før vi begynner å tove. Her er
ulla lagt ut i 3 lag + mønster på toppen.


Vi tova med å gni grønsåpe ned i for hand,
og deretter brukte vi ei bast-gardin for å knekke
ut vatnet. Det var i grunnen mykje arbeid på eit
enkelt sitte-underlag, men og kjekt.

Det går fint å lage ei barnevogn,
særleg når ein skal bli bestemor for første gang.



Det var eit kjempe-trivelig kurs med
kursleiar Ruth Sunde frå Nordfjordeid.

Og så vil eg ønske alle ei riktig GOD PÅSKE:-)))

1 kommentar:

Elin sa...

Dette såg kjempekoseleg ut! Riktig god påske!