lørdag 19. juni 2010

Juni


Første helga i juni feira vi min mann sin halvrunde
bursdag og vår perle-bryllaupsdag.
Som seg hør og bør fikk eg 30 raude roser,
og dei står faktisk fine fortsatt.


10 nydelige rosa roser fekk vi med dotter og barnebarn.


Dette var den helga det var fint ver og eg hadde
3 feriedagar.
Eg var på hytta og tok symaskina ut for å nyte dagen.
Høg himmel og blått hav så langt auga ser,
kan det bli bedre?

Forrige helg var vi på års-turen vår med rolaget.
Denne gangen gjekk turen til Olden for å ro
vatnet på langs, det er vel 10 km langt.



Her er ro-gjengen i fint driv over vatnet.
Vi leigde hytter på Melkevoll Bretun, heilt oppunder
Briksdals breen, og grilla om kvelden i ei steinalder-grotte.
Kjempefint og riktig vellykka.



Lunch til roarane høyrer med.
Eg var i komiteen dette året så det var litt spennande
om turen falt i smak, sidan vi valgte utradisjonelt med å
reise inn i fjorden og ro på vatnet.
Heldigvis vart det ein minneverdig og flott tur for alle.


Gammal steinbru i Olden.


Også var Queen Mary 2 på besøk til Olden.
Litt større båt enn vår!
Plass til nesten 3000 passasjerar og eit drøss med mannskap.
Den var gigantisk når den for ut Nordfjorden.

No håper vi på fint ver igjen, for imorgon søndag
skal eg på blåtur med Nordfjord Lappe og Quilteklubb.
Det blir heilt sikkert kjempebra.


3 kommentarer:

Ati sa...

Litt for seint men jeg gratulere sa mye med perle bryllup!
Sa flott utsikt du har på hytta, helt fantastisk. Liker teppet også som ligger på symaskinen. Jeg hart også vart i Olden og til breen flere ganger, fantastisk sted!

Elin sa...

For eit flott innlegg! Gratulerer med perlebryllaup og overstått 55-årsdag på Georg. Turen til Melkevoll var sikkert fantastisk, eg har vore i denne grotta på personaltur. Det blir spennande å høyre kvar blåturen gjekk i år! Ha ein god sommar!

STRIKKEMOR(O) sa...

Ei fantastisk utsikt frå hytta di! Gratulerer med overstått perlebryllaupsdag!