tirsdag 13. august 2013

Bursdagsgaver


Eg hadde bursdag tidligere i sommer og fekk 
kjempehyggelige overrakselser, både i form av venner
som kom på besøk og flotte gaver.
Desse strikka grytelappane  med "pus Pernille" på,
er det Sølvi som har laga. Nydelige:-)


Sjå denne flotte stabelen med stoff...
Denne var kjøpt hos Siv på Lappestua, Nordfjordeid,
og eg fekk den i gave.
Herleg, akkurat mine farger.. og gjett om eg skal 
kose meg og sy noko fint av denne bunken til hausten.
Og så fekk eg fleire gavekort kjøpt hos 
Primula på Nordfjordeid.
Begge desse butikkane har et flott og stort utvalg
av nye lekre stoff, mønster og utstyr til oss sydamer.
I tillegg har dei det viktigaste av alt, dei gjer oss 
gode råd og yter ypperlig service.

Ingen kommentarer: