torsdag 23. februar 2012

Inn i mi syverd



Velkommen inn i mi syverd.

Eg har da dykka ned i rotet på syrommet og
gjort et tappert forsøk på å rydde:-)
Det vart ganske så bra, iallefall i mine auge.
Eg fann igjen sybordet, og
symaskina stod faktisk på samme plass!

Pus er selvfølgelig alltid midtpunktet når her ikkje
er barnebarn på besøk, i så fall flykter katta ut,
alt for nifst med små raske føtter.


Desse eskene var fulle av rester,
no er dei også rydda.


Det blir aldri nok sybøker.....
eller quilteblad....


Litt tråd må til, har nok litt meir på lager....


- og så begynte eg å skjere opp alle bitene som dukka opp
i poser og bokser, slike som var
lagt til sides til applikasjon og påkommende tilfeller,
-det vart ein full isboks med 1,5" striper,
og bokser med 2", 2,5" og 3".
En del gjekk i søppelet, det er visst ingen grenser for
det som en gang kan komme til nytte, men no kneip
eg igjen augene og gjekk på med hard hand.


Ellers dukka det opp diverse UFO-er.
Denne mangla bare kanten rundt og lukkekant,
så den var rask å få ferdig. Kvifor den har lagt i
2-3-4-år veit ikkje eg, får sjå om der blir
fleire som blir ferdige etterkvart.....




tirsdag 14. februar 2012

St. Valentines Day


Denne løperen begynte eg på før jul.
No synes eg den passet bedre til Valentines-dagen,
så da måtte eg sy på lukkekanten og gjere den ferdig igår kveld.
Løperen er stor og passer til eit stort spisebord.





Har tenkt på kva vi kallar denne dagen,
og kjem ikkje på noko anna enn Valentines-dagen.

I Sverige blir denne dagen kalt for Alla Hjärtens Dag,
dette synes eg var eit flott navn.

Har vi noko norsk namn på denne dagen?

fredag 10. februar 2012

Salg hos Primula Design


I dag var eg på salg hos Ingun på Primula
Ho hadde laga til halve butikken med fantasipriser,
200,- kr for ein pose flotte stoff, eller 30,- og 40,- kr meteren.
Her er nokre av kuppa mine idag;
alle desse stoffa for ca 500,- kr



5 mønster for ein hundrelapp;


50,- kr for ei flott lykt;


og kr 30,- for ein tøff te-boks.

Kjempemorsomt med slike sjokksalg til eventyrpriser,
takk til Ingun og Sølvi for ei morsom stund.

søndag 29. januar 2012

Vognteppe til Sigurd


Dette vognteppet er sydd til Sigurd, fødd 22.12.11
Sigurd er barnebarn til en kollega på jobb,
og ble fødd litt før tiden.
Foreldrene er glad i dyr og har flere hester,
så eg følte motivet måtte bli noko med dyr.
Motivet er en gutt midt mellom et lam og en pus.
Håper teppet blir godt mottatt.


Her hjelper Elise Marie mormor å sy
linning på et skjørt som mammaen har sydd til jenta si.
Vi får sjå seinare kor det blir når det blir heilt ferdig.



Denne løperen er sydd av restene etter Sun Bonnet Sue teppet.
Mesteparten var ferdig oppkutta,
greit å få brukt det til noko med det samme.


Til jul strikka eg bunadsstrømper til barnebarnet Nikolai.
Synes sjølv dei vart ganske fine.


lørdag 31. desember 2011

Godt Nyttår


Etter ei livlig julehelg med besøk av barnebarn og famile,
samt orkanen "Dagmar" som tok frå oss strøm,
telefon og internett i mange dager, er
vi nå tilbake til normalen.
Et av nyttårsønska mine i år er å få tid til å sjå
Elise Marie og Nikolai oftare.
Desverre bor dei litt langt frå oss,
og saknet var stort når dei reiste etter å ha vært her nokre dager.

Ønsker alle et riktig

Godt Nyttår

fredag 23. desember 2011

God Jul


Her er nokre av medlemmane i klubben vår som har
vore med på prosjektet "Tepper som varmer"
Med dette flotte resultatet --36 tepper--,
vil eg ønske alle ei riktig GOD JUL.



Her er eit barn på sjukehuset i Jurbakas, Litauen
som får eit teppe av representanten vår fra Lions.

..og så, eit bilde av meg med alle teppa.
Det var ei glede å få gi noko meningsfullt.

GOD JUL

lørdag 3. desember 2011

"Tepper som varmer"


Her er bilder av 27 tepper som medlemmene i
Nordfjord Lappe- og Quilteklubb har sydd.
Der er enda fleire tepper som er under arbeid,
eg regner med at vi har
minst 35 tepper til prosjektet vårt.
Teppa skal overleveres til LIONS på tirsdag kveld under julemøtet.
Lions skal gje teppa til eit sjukehus i Jurbakas i Litauen,
eller som dei sjølv finn best.

En stor takk til Olaugs Quilt AS for fine stoffer,
Primula Design, Nordfjordeid for vatt og lån av quiltestativ, og
til Lappestua, Nordfjordeid ved Siv Smørdal som har gitt
mange flotte stoff, vatt og stor velvilje til prosjektet.
Eg hadde i utgangspunktet håp om 10-15 tepper,
så tusen takk til alle som har støtta opp og gjort ein innsats.



























fredag 4. november 2011

Sommer i November


Nydelige dager i November måned.
18-19 grader utetemperatur på hytta
ved havet.
Herlig å sitte ute i sola og sy.
Desse stemningsbildene er fra forrige uke,
da eg hadde et par fridager.