mandag 11. juni 2012

Blåtur med quilteklubben





 Så har vi hatt den årlege blåturen med Quiltelaget.
Denne gangen gjekk turen til Doktorgården i Selje.
Dette er cafe, galleri og overnattingssted,
samt salg av kunstprodukt og bøker fra Selja forlag.
 Den store overraskinga denne gangen var at vi hadde fått
ATI til å fortelle og vise oss arbeida hennar.
Ho hadde laga til ei eiga utstilling i galleriet og
viste fram arbeid frå tidligere og fram til idag.
Hennar varemerke er vel etterkvart blitt Crazy Quilter,
med bruk av sjølvlaga blonder, broderi, roser av silkeband,
knapper og perler.
Nyt bildene under, og tusen takk til ATI for 
at vi (37 damer fra NLQ) fekk sjå alle desse flotte quiltane.

Der ligg fleire bilder i desse bloggene
 ATI






Her er også bilde fra romma i Doktorgarden.
Desse romma er til utleige,
morsomme fargevalg.

søndag 3. juni 2012

NQT i Aalborg 2012


 Nordisk Quiltetreff i Aalborg var inspirerande og kjekt.
Flott utstilling, mange fine butikker og en flott by.
Alt var liksom "perfekt", og det var nok fordi
 reisefølget var perfekt også:-)
Også møtte vi igjen Siv og Kate frå Nord-Norge,
kjempekjekt å møte igjen gamle venner.


 Dette var utstilt på en butikk i by`n,
Synest dette var kult.

       










Fredag gjekk eg på kurs med Hanne
Kurset gjekk ut på å frihåndsquilte med ulike måter
og sette sammen mange mønster, deretter 
kan en lage dette hjertet f.eks.

torsdag 17. mai 2012

HIPP HURRA




HIPP HURRA FOR 17.MAI
og GRATULERER MED DAGEN

I dag feirer vi Norges nasjonaldag.
Her er eit bilde frå Stårheim i Nordfjord
der tradisjonen er å holde tale i Orheimshaugen,
som gir ei flott ramme rundt feiringa.
Desverre har vi ikkje det samme veret i dag,
men feiringa blir ikkje mindre for det.

Besten og mormor er på besøk på Giske,
for å feire dagen med barnebarna,
og så skal eg reise til Nordisk Quiltetreff i Aalborg, Danmark.
Flyet går i ettermiddag fra Vigra.
Gler meg til det som heilt sikkert blir en flott tur sammen med
10 andre fra Nordfjord Quilte-og Lappeklubb.



søndag 6. mai 2012

6. mai 2012


Så var vinteren tilbake!!!
Tulipanane veit ikkje om dei skal le eller gråte,
der dei står klare til å hilse våren velkommen.
Her i Nordfjord har det snødd i to dager no,
det er kaldt og minusgrader om natta.
Og kroppen min er "stiv som en stokk",
no VIL eg ha  varme.



onsdag 2. mai 2012

Sun Bonnet Sue




Da var Sun Bonnet Sue teppet ferdig.
Teppet er quilta for hånd.
Det var igrunnen litt kjekt å quilte for hånd,
sjølv om eg grudde meg litt på forhånd.
 Teppet er basert på at alle deler vart kutta 
i smått på forhånd, og det var litt sånn
"back to basic" å sy det sammen.
Derfor måtte en også følge opp med quiltinga.
Teppet tenkte eg skulle vere ei gave til barnebarnet
Elise Marie, sidan ho og lillebror no har fått sine egne rom.
 

fredag 27. april 2012

Vognteppe til Daniel

 En av mine kollegaer på jobb har fåt to barnebarn
i den siste tida.
Dette vart laga til lille Daniel.
Etter som eg forstår likte mammaen teppet godt.


lørdag 21. april 2012


 Stårheim Bygdekvinnelag arrangerte blomsterkurs
for planting i utekrukker.
Dyktig lærer var blomsterdekoratør/gartner
Johannes Nome
Det vart laga mange fine krukker
og vi fekk mange tips til dekorasjoner.


søndag 1. april 2012

Elise Marie 5 år


Denne helga har vi feira barnebarnet
Elise Marie sin 5 - års dag.
Feiringa gikk over tre dager,
barnehagen på fredag, 16 !! veninner på lørdag
og famileselskap søndag.



...og her poserer ho i skjørt som mammaen har sydd:-)
Tusen takk for flott helg :-)

mandag 26. mars 2012

Directly from USA

Min yngste sønn studerer i Minnesota, USA,
og eldste sønnen min har no vært på besøk
overthere i 3 uker.

Oppdragelsen har visst fungert bra,
for gutta gikk på Quiltebutikk i Fargo, North Dakota,
og kjøpte både bok og stoff til mor:-)))




søndag 11. mars 2012

Kjempekurs med AnnaKa

Denne helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
hatt kurs med AnnaKa.
Det er første gangen eg har vært på kurs med henne,
og det vart ei toppers helg:-))
Vi lærte å lage sminkeskrin og toalettvesker
på heilt nye måter.
Tenk at det kan gjerast så enkelt, og bli så bra.
På toppen brukte eg ein liten UFO i Meshwork,
som eg hadde lagd etter et kurs med
Mia frå SverigeKoblingfor fleire år siden.
Det dukka (som sagt i eit tidligare innlegg) opp
en del uferdige saker etter siste rydding, og no
var jo denne midt i blinken.



Eg har da lagd den ferdig -også med speil i
topp-lokket.

Denne toalettveska vart laga på en helt ny måte,
og gjett om her skal bli produsert fleire,
for dette var moro:-)


Og her er AnnaKa - utruleg dyktig kursholder...
Vi lærte mange nye tips, teknikker.. you name it!!

Og her er noko av det som kursdeltakarane
produserte denne helga.
Mønsteret er i utgangspunktet den samme,
men alle toalettmappene og sminkeskrina
blei totalt forskjellige.

lørdag 3. mars 2012

Småting

Fekk lyst å lage nokre småting, fine til
f.eks veninnegaver.
Har lagd desse sakseetuia og smykkeposene.


Denne er fylt ned noko lite og lurt, og skal
gis bort i bursdagsgåve ikveld:-))

God helg til alle som titter innom:-)

torsdag 23. februar 2012

Inn i mi syverd



Velkommen inn i mi syverd.

Eg har da dykka ned i rotet på syrommet og
gjort et tappert forsøk på å rydde:-)
Det vart ganske så bra, iallefall i mine auge.
Eg fann igjen sybordet, og
symaskina stod faktisk på samme plass!

Pus er selvfølgelig alltid midtpunktet når her ikkje
er barnebarn på besøk, i så fall flykter katta ut,
alt for nifst med små raske føtter.


Desse eskene var fulle av rester,
no er dei også rydda.


Det blir aldri nok sybøker.....
eller quilteblad....


Litt tråd må til, har nok litt meir på lager....


- og så begynte eg å skjere opp alle bitene som dukka opp
i poser og bokser, slike som var
lagt til sides til applikasjon og påkommende tilfeller,
-det vart ein full isboks med 1,5" striper,
og bokser med 2", 2,5" og 3".
En del gjekk i søppelet, det er visst ingen grenser for
det som en gang kan komme til nytte, men no kneip
eg igjen augene og gjekk på med hard hand.


Ellers dukka det opp diverse UFO-er.
Denne mangla bare kanten rundt og lukkekant,
så den var rask å få ferdig. Kvifor den har lagt i
2-3-4-år veit ikkje eg, får sjå om der blir
fleire som blir ferdige etterkvart.....




tirsdag 14. februar 2012

St. Valentines Day


Denne løperen begynte eg på før jul.
No synes eg den passet bedre til Valentines-dagen,
så da måtte eg sy på lukkekanten og gjere den ferdig igår kveld.
Løperen er stor og passer til eit stort spisebord.





Har tenkt på kva vi kallar denne dagen,
og kjem ikkje på noko anna enn Valentines-dagen.

I Sverige blir denne dagen kalt for Alla Hjärtens Dag,
dette synes eg var eit flott navn.

Har vi noko norsk namn på denne dagen?

fredag 10. februar 2012

Salg hos Primula Design


I dag var eg på salg hos Ingun på Primula
Ho hadde laga til halve butikken med fantasipriser,
200,- kr for ein pose flotte stoff, eller 30,- og 40,- kr meteren.
Her er nokre av kuppa mine idag;
alle desse stoffa for ca 500,- kr



5 mønster for ein hundrelapp;


50,- kr for ei flott lykt;


og kr 30,- for ein tøff te-boks.

Kjempemorsomt med slike sjokksalg til eventyrpriser,
takk til Ingun og Sølvi for ei morsom stund.

søndag 29. januar 2012

Vognteppe til Sigurd


Dette vognteppet er sydd til Sigurd, fødd 22.12.11
Sigurd er barnebarn til en kollega på jobb,
og ble fødd litt før tiden.
Foreldrene er glad i dyr og har flere hester,
så eg følte motivet måtte bli noko med dyr.
Motivet er en gutt midt mellom et lam og en pus.
Håper teppet blir godt mottatt.


Her hjelper Elise Marie mormor å sy
linning på et skjørt som mammaen har sydd til jenta si.
Vi får sjå seinare kor det blir når det blir heilt ferdig.



Denne løperen er sydd av restene etter Sun Bonnet Sue teppet.
Mesteparten var ferdig oppkutta,
greit å få brukt det til noko med det samme.


Til jul strikka eg bunadsstrømper til barnebarnet Nikolai.
Synes sjølv dei vart ganske fine.