onsdag 9. mai 2007

Rotrening



I dag har vi hatt rotrening.
Vi er ein god vennegjeng som ror
ein femkjeiping, det er ein båt med
10 som ror + ein som styrer oss.
Det treng vi av og til, ikkje morsomt å
ende i fjøresteinane.
Vi har eit damelag og eit herrelag,
og den 19. mai stiller vi i konkurranse
på Eidsfjorden. Då skal vi ro mot lag frå
heile nordfjorden. Vi håper på vindstille,
og iallefall ikkje den berykta Os-vinden,
eller vesta-vinden, eller vind frå alle kantar
med høge bølgjer! Vi har prøvd litt av kvart.
Kanskje vi vinn i år også:-))

Ingen kommentarer: