Dette er siste julebaksten min for i år.
No har eg laga krumkaker og risboller, så da tenkjer
eg det for holde med kaker for denne gang.
Krumkakene lager eg etter ei gammal oppskrift
og er som følger:
- 2 egg
- 125 g sukker
- 125 g smør/el margarin
- 125 g hvetemel
- 125 g petetmel
- 1 dl vatn
- 1 ts revet appelsinskall
saman med dei andre ingrediensane.
Eg har fått spørsmål om oppskrifta på julepølsene
som eg viste i eit tidligare innlegg.
Eg har no kjøpt meg ny oppskriftsbok, og har som
mål etter jul å skrive dei oppskriftene som eg bruker
over i denne. Resten kaster eg, ingen vits i å samle
på masse som aldri blir brukt.
Her kjem iallefall den originale oppskrifta på Julepølser;
- 1,0 kg storfe kjøtt (sort 2 / 14 %)
- 1,0 kg svinekjøtt (sort 2 / 23%)
- 3,5 kg storfe kjøtt ( sort 3 / 21%)
- 0,5 kg spekk (småflesk)
- 21 gr pepper
- 6 gr ingefær
- 3 gr nellik
- 180 gr salt
Mal alt ein gong, og bland i krydder, potetmel og vatn.
La det gjerne stå til dagen etter før du lager pølsene.
Pølsene kan gjerne henge kaldt ein dag eller to før du frys dei,
men det er ikkje noko must.
Dampast i ca 45 min.
Stikk hull på dei med ei stoppenål,
så unngår ein at dei sprekk så lett.
3 kommentarer:
Flotte kaker, ser ut som du har sju sortar! Prøvde kringleoppskrifta di i går kveld, nam, dei vart gode. Bra du legg ut oppskriftene, alltid kjekt å prøve noko nytt. Takk for det, fortsatt god førjulstid.
Hei der no skvatt eg då sida di brått skifta frå lyst til Julerødt så fint så....litt uklar tekstfarge på oppskrift ..det fiksar du ha ein god kveld beste helsing Ingun
Fine julekager, de ser rigtig lækre ud, i år bager jeg ikke har ladet bageren om det, men duften i køkkenet mangler når der ikke bages selv.
Legg inn en kommentar