torsdag 11. desember 2008

Julepølser

Her er juleførebuingane i full gang.
I går kveld lagde Ingrid, Inger Lise og eg
pølser + sprut bakkels.
Dette var "vi tager hvad vi haver", så i pølsene
er der både storfe, svin og hjorte kjøtt.
Pølsene skal henge kjølig eit par dager, og så
er dei klar for bruk. Eg har dampa ei i dag,
og den smakte kjempegodt.


Eg brukte ei gamal oppskrift frå mor mi til
sprut bakkelsen, så desse vart skikkelig sprø.
Sprut bakkels:
4 egg
0,5 kg sukker
0,5 kg smør el. margarin
0,5 kg mjøl
0,5 kg potetmjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett eit egg av gangen.
Rør inn resten til ei fast fin deig. Sett i kjøleskapet
til neste dag. Steikast på 200 C i ca. 6-7 min.

6 kommentarer:

Elin sa...

Her bør ein vere forsiktig med formuleringane..., men uansett så er du veldig flink og husleg! Kva med ei oppskrift på sprutekakene?

Anonym sa...

Så gøy å følge din blogg!

Mallemor sa...

Sprutbakkels husker eg fra bestemorstid. Den gamle håndskrevne kokeboka hennar har eg arva, så kanskje eg finn den der? Her i huset har julekakebakinga nesten skrumpa inn til nesten ingen ting. Boksane er like fulle etter jul.

Two sa...

ER så imponert over all kulturmaten du viser!! Kjempeflott at du viser dette og også legg ut oppskrifter. Traff ei i dag som hadde sett pølsene på bloggen din, ho var veldig interessert i oppskrifta, så kanskje kjem den også? Og så kan vi ha pølsekurs i quilteklubben??? Litt ut på sidelinja då, ha ha!

Karilla sin hobbyblogg sa...

De pølsene såg virkelig god ut. tror jeg må sette meg som mål å servere hjemmelaget pølse en gang...
Ha en fin førjulstid.

Anonym sa...

Sprut - kakene er verdens beste julekake:)